GLATT: Natt til torsdag var det så glatt i vegen over Hardangerbrua at vogntogførarar ikkje tok sjansen på å køyra over før strøbilen hadde vore der. Foto: Marita Saue Hamre

Glatt på Hardangerbrua — vogntogførarar tok ikkje sjansen på å køyra over

Meldinga om vanskelege køyreforhold kom til politiet natt til torsdag.

Ifylgje Henning Hegbom hjå Voss lensmannsdistrikt fekk dei melding om at det var klink is på Hardangerbrua i 02.30-tida i natt.

– Me fekk melding om at fleire vogntog stod på den eine sida, og som ikkje tok sjansen på å køyra over brua, seier Hegbom.

Strøbilen kom til staden

Politiet rykte ikkje ut, men vidaresende meldinga til strøbil.

– Strøbilen kom og fekk strødd over brua, slik at bilane kom seg over etter kvart.

Elles var det ei roleg natt for politiet på Voss.