ÅTVARAR BILISTAR: Det frys på måndag kveld, og både politiet og Vegtrafikksentralen ber bilistar avpassa farten etter forholda. Foto: Lars Olve Hesjedal

Politiet åtvarar mot glatte vegar i heile distriktet

Politiet åtvarar mot glatte vegar i store delar av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Det er på Twitter politiet gjev melding om dei glatte vegane.

Politiet ber folk køyra forsiktig, og avpassa farten etter forholda.

– Det frys på, og det kan bli glatt. Køyr forsiktig! er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen til bilistane måndag kveld.

Frå Vegrafikksentralen vert det også opplyst at alt tilgjengeleg mannskap er ute på vegane for å gjera køyreforholda best mogleg.

Les også
Tre bilar involvert i ulukke i Vinjadalen