Avisa Hordaland

Nyhende

Gondol 2.0

Gondol 2.0

Etter tre somrar utan gondolbane på Voss, vert det snart igjen mogleg å koma seg til Hangur med gondolbane.

annonse

8. juli er datoen Voss Resort har sett seg som mål for å opna den nye gondol­banen. Då er det om lag tre år og ti månader sidan siste turen med den gamle banen.

Den gamle gondolbanen hadde to kabinar, den raude Dinglo og den blå Danglo, som kvar hadde ein kapasitet på 25 passasjerar. Så mange passasjerar var det langt frå på kvar tur, men siste turen sundag 30. august 2015 kl 17.14 var Danglo smikkfull.

Herheim foto - HANGURSBANEN Dinglo og Danglo hadde sin fyrste tur like før jol i 1963. Biletet er frå nedre stasjon i 1964.

DEN GONG: Dinglo og Danglo hadde sin fyrste tur like før jol i 1963. Biletet er frå nedre stasjon i 1964.Foto: Herheim foto

Dinglo og Danglo

– Eg kjende på ein liten klump inni bringa. No håpar eg verkeleg at den nye banen til Hangur kjem opp om ikkje så lenge, sa Gerd Fleischer Tønjum til Hordaland den dagen. Ho var ei av dei som fekk æra av å vera med på siste turen.

Nesten 52 år var gått sidan fyrste turane med Dinglo og Danglo nokre dagar før jol i 1963. 2,6 millionar kroner var samla kostnad for banen, restauranten og ein stolheis som tok skigjester opp til Hangurstoppen. Omrekna til 2019-kroner er dette ei investering på i overkant av 30 millionar kroner.

Vidar Herre / arkiv - RIVING Hangursbanen vart riven i 2015.

RIVING: Hangursbanen vart riven i 2015.Foto: Vidar Herre / arkiv

Når ein no brukar 330 millionar kroner på ny gondol og restaurant på Hangurstoppen, er det ei vesentleg større investering enn den tidleg på 1960-talet. Kapasiteten vert også ein god del høgare. Ni kabiner som kvar har plass til 34 personar vil ha ein kapasitet på 1069 personar i timen.

Både øvre og nedre stasjon er også flytta. Øvre er høgare oppe, og nedre er flytta heilt ned på Voss stasjon. Eit klart minus med gamle Hangurs­banen var at nedre stasjon låg litt bortgøymt til i Hangursvegen, om lag ein halv kilometer frå jernbanestasjonen. Dette var sentralt i argumentasjonen då admini­strerande direktør i Voss Resort ­Øyvind Wæhle sommaren 2012 gjekk ut med planar om ny gondolbane.

– Drift av dagens bane er ikkje lønsam. Med ny bane vil trafikkgrunnlaget bli eit heilt anna. Kjem me nærare marknaden og publikum, er det mogleg med ei femdobling av trafikken, sa Wæhle til Hordaland i slutten av juni 2012.

Samstundes vart det gjort kjent at Voss Resort ville byggja om den gamle stasjonen til bustadbygg. Planane skapte sterke reaksjonar. Det vart hevda at det ikkje var realisme i planane om å byggja ny gondolbane.

Hangursvegen terrasse, med 19 bustader, stod ferdig sommaren 2017. No, sju år etter at Wæhle gjekk ut med sine store planar, står ein på terskelen til å opna nye Voss Gondol.

Terje Hjartnes - NEDRE STASJON På stasjonsområdet vert det jobba på spreng for å få ferdig nedre stasjon til nye Voss Gondol.

NEDRE STASJON: På stasjonsområdet vert det jobba på spreng for å få ferdig nedre stasjon til nye Voss Gondol.Foto: Terje Hjartnes

Over hustak

Vegen fram har vore konfliktfylt. Ei rekkje huseigarar får den nye banen over hustaket sitt. Dette har ført til massive klager, og fleire av huseigarane ville ikkje gå i forhandlingar med Voss Gondol om å avgje grunn. Dermed måtte ein søkja til Voss kommune om at dei skulle sikra grunn og rettar for ny bane gjennom tvang, ved hjelp av oreigning.

annonse

Saka vart handsama i slutten av april 2017, og med 30 mot 13 stemmer gjekk ein inn for å opna for oreigning. Grunneigarar klaga på vedtaket, men Fylkesmannen i Horda­land tok ikkje klagen til fylgje. Det gjenstår framleis ein rettsleg prosess der det ved skjøn skal avgjerast korleis grunneigarar busette under gondolbanen skal kompen­serast for ulempene.

Terje Hjartnes - BYGGJER GONDOL Adm. dir. Øyvind Wæhle, her i testkabinen som var den fyrste kabinen som dingla i kablane til nye gondolen.  Arkiv

BYGGJER GONDOL: Adm. dir. Øyvind Wæhle, her i testkabinen som var den fyrste kabinen som dingla i kablane til nye gondolen. ArkivFoto: Terje Hjartnes

Før Voss gondol kan setja banen i drift, lyt dei ha driftsløyve frå ­Statens jernbanetilsyn.

Ein enkel tur-returbillett med gondolen vil kosta 395 kroner, men diverse sesongkort vil gje lågare turprisar for folk som skal bruka banen ofte. Skal prosjektet gå rundt økonomisk er det rekna ut at Voss Gondol må ha eit passasjertal på 400 personar per dag i snitt.

Administrerande direktør Øyvind Wæhle fortel om høgt aktivitetsnivå i selskapet når ein no nærmar seg opning.

– Korleis skal de klara å skaffa nok passasjerar til gondolen?

– Me jobbar aktivt for å skapa kjekke aktivitetar og matopplevingar for vossingane, hyttefolket og bedrifter gjennom heile året. I tillegg jobbar me tett saman med samarbeidspartnarar og turoperatørar mot den nasjonale og internasjonale marknaden. Me har god tru på at dette bidreg til at Gondolbanen og områda på Hangur vert ein attraktiv sosial arena og spennande reisemål heile året.

Restaurant på toppen

– Korleis kjennest det å sjå dette prosjektet, som de har jobba så mykje med, bli realisert?

– Det er sjølvsagt spesielt for oss alle i Voss Resort. Me er no på oppløpssida og eg kjenner dagleg på at stemninga og aktivitetsnivået hjå våre tilsette er på eit veldig høgt og spent nivå, der forventningane er stigande dag for dag.

– Har du nokon gong i løpet av dei siste sju åra tenkt at «dette kjem ikkje til å gå»?

– Nei, det har eg ikkje. Men me har passert mange «ljoskryss» på vegen der ljoset har vore både gult og til tider lyseraudt.

INGERID JORDAL - PROTEST Det var protestaksjon ved Tinghuset då politikarane skulle handsama søknaden om å oreigna grunn til gondolbanen.  ARKIV

PROTEST: Det var protestaksjon ved Tinghuset då politikarane skulle handsama søknaden om å oreigna grunn til gondolbanen. ARKIVFoto: INGERID JORDAL

– Kva tenkjer du om situasjonen med grunneigarane som har kjempa mot banen?

– Det er ein situasjon som ein sjølvsagt skulle ynskt å ha vore utan, men når ny bane vart valt å gå frå eit sentrumsområde til fjells så er det dessverre slik at nokon vert meir råka enn andre. Eg har respekt for og forstår dei som kjempar for sine interesser. Det er og deira rett og plikt om ein føler at endringar i samfunnet påverkar deira kvardag.

– Kva får gondolen å seia for trafikken i alpinanlegga?

– Me vonar at både vossingar og tilreisande gjester ser at gondolen gjev endå lettare tilkomst til kvelds­produkta våre. Me tilbyr kvelds­køyring i alpinanlegget vårt tre dagar i veka, og tur- og langrennsløypene våre blir eit viktig satsingsområde frå neste vinter. Å ta toget frå Bergen og gå rett på gondolen til fjells vil truleg verta endå meir attraktivt også i eit miljøperspektiv. Hangurstoppen restaurant har ambisjonar om å bli ei oppleving i seg sjølv, også på vinterstid.

– Kor trygg er du på at de klarar å opna for ordinær trafikk 8. juli?

– 8. juli er målet, men uventa utfordringar kan sjølvsagt medføra noko forskyving. I alle høve så er eg sikker på at alle står på for å nå dette målet.