Det var mykje nytt frå Voss i veka som gjekk.
Det var mykje nytt frå Voss i veka som gjekk.

Gondolsak, tung økonomi og ein husvarm hjort

Me har lagt bak oss ei hektisk veke der mykje har skjedd i heradet. Få med deg det viktigaste i vekas podkast.

For dei som likar nyhende har det vore ei hektisk veke i heradet. Rettssaka om erstatning for dei som bur under gondolbana starta måndag, men avgjerda er ikkje venta før siste veka før jol.

Tung økonomi

For det nye heradet byrjar nok nyåret med tunge økonomiske vurderingar. Val-løfta skal oppfyllast, men det har skjedd ting i haust som gjer det endå meir vanskeleg å finna pengar til alt ein har lova, kan politisk reporter Rolf Tepstad fortelja.

Husvarm hjort

Historia om hjorten Brownie endte ikkje godt for hjorten. Kalven vart avliva i veka, etter at kommunen hadde snudd, men Miljødirektoratet stod på sitt. Er det reglar eller kjensler som bør styra i slike enkeltsaker, undrar redaktør Geir Geitle og journalist Helge Søfteland.