Elisabet Lorentzen Djønne er klar for finale i Bergen. Her er ho på Maldivene.
Elisabet Lorentzen Djønne er klar for finale i Bergen. Her er ho på Maldivene. Foto: Privat

Granvin-jente kan bli supermodell

Elisabet Lorentzen Djønne frå Granvin (22) kan bli den neste norske supermodellen.

Ho har teke seg til finalen i konkurransen Brun og blid Modell 2018, opplyser firmaet i ei pressemelding. I premien ligg inntil ein halv million kroner som frontfigur for rundt 130 solstudio over heile landet.

– Eg hadde lyst å prøva noko nytt og spennande, og dette var heilt spontant. Eg har aldri vore modell før. Pengepremien verkar jo også litt forlokkande, seier Elisabet Lorentzen Djønne.

22-åringen fortel til Hordaland at ho elskar å reisa. Ho har alt rokke å studera på Bali, i kjendistunge Hollywood og jobb på barneheim i India.

Akkurat no jobbar ho som støttekontakt i Oslo, men heimen vil alltid vera Granvin.

Studerer i Oslo

Den travle Granvin-jenta studerer dessutan kriminologi ved Universitet i Oslo. Og når ho har sjanse til det, er ho ekspeditør i ein klesbutikk.

22-åringen møter ni andre finalistar frå andre delar av landet, sju jenter og tre gutar. Finalen går i Bergen laurdag 2. juni.

– Eg har nett kjøpt leilegheit, så om eg vinn, vil pengane koma godt med! smiler ho. Neste reisemålet er Kina, og vinn ho den store potten, kan dette reisemålet realiserast relativt raskt. Ho har ikkje tenkt å gje seg utan kamp på catwalken.

– Eg har eit skikkeleg konkurranseinstinkt og vinnarvilje, seier ho med eit smil.