Bertelsen & Garpestad/Statens vegvesen
Bertelsen & Garpestad/Statens vegvesen

Fann gravemaskin 260 meter ut i vatnet

Under grunnbrotet på Holven i april, forsvann to store gravemaskiner ut i vatnet. No er dei truleg funne, over 200 meter lenger­ ute.

Ved den dramatiske utrasinga 27. og 28. april vart to gravemaskiner, på 25 og 30 tonn, borte i vassmassane. I arbeidet som seinare er gjort med å kart­leggja botnen i vatnet, kan dei to maskinene vera lokaliserte.

- Ved hjelp av magnetisme er det registrert to større punkt, det eine 200 meter ute, den andre 260 meter ut frå land. Undervasskamera kan ikkje sjå noko teikn etter dei på over­flata, sa prosjektleiar Lars Magnar Røneid i Statens vegvesen på informasjonsmøtet i Øvre Granvin onsdag kveld.

Hermetisert i leire

- Truleg ligg gravemaskinene hermetiserte i leire. Dette viser kreftene i det som gjekk føre seg, seier Røneid. Det er ikkje registrert noko av det andre som forsvann på vatnet, som busskur, skytematter og liknande.

Ifylgje Røneid har Fylkesmannen og Kystverket langt på veg akseptert at gravemaskinene vil verta liggjande i vatnet. Dei to maskinene inneheldt denne kvelden truleg 300 liter diesel og 200 liter olje til saman, ifylgje entreprenøren.

Fylkesmannen sin miljøvernsjef Kjell Kvingedal vart orientert om saka tidlegare i sommar. Då vart maskinene ikkje funne, og entreprenøren såg dei som tapte.

- Me visste at det var ekstremt dårleg grunn her, og hadde omfattande vurderingar av dette i førekant. No etterpå ser me at grunnboringane var mest fokuserte­ på lausmassetunellen som skulle byggjast, mindre­ på den nye vegen, seier Lars Magnar Røneid.   ARKIV
- Me visste at det var ekstremt dårleg grunn her, og hadde omfattande vurderingar av dette i førekant. No etterpå ser me at grunnboringane var mest fokuserte­ på lausmassetunellen som skulle byggjast, mindre­ på den nye vegen, seier Lars Magnar Røneid. ARKIV Foto: VIDAR HERRE
Illustrasjonen syner kor dei to maskinene truleg ligg.
Illustrasjonen syner kor dei to maskinene truleg ligg.

Kan få krav om fjerning

- Om dei no er lokaliserte, har ikkje me fått noko skriftleg melding om det. Det var eit telefonmøte om saka med Vegvesenet rett før sommarferien, men saka var for lite opplyst til at me kunne ta stilling til ho då, seier Kvingedal. Han går ut frå at Vegvesenet vil koma med ei tilbakemelding om det er slik at maskinene no er funne.

- Då vil me sjå på saka att. Me kan setja krav om at dei vert fjerna, viss me finn det rett. Normalt ynskjer me ikkje at vrak vert liggjande i naturen.

Kvingedal er ikkje kjent med kor solide drivstofftankane på desse maskinene er, og kor mykje diesel og olje det var på maskinene.

- Me veit at båtvrak kan ta til å leka olje etter mange år. Men det er gjerne ikkje same omfanget av det som er på desse maskinene, seier miljøvernsjefen.

Om tankane på gravemaskinene framleis er tette og uskadde, utgjer ikkje dette nokon stor fare om maskinene ligg under fleire meter leire, meiner førsteamanuensis Tore Skodvin ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan skada fisken

- Skulle så mykje diesel og olje koma opp på ei gong, ville ikkje det vera nokon god situasjon. Men det er ikkje så vanskeleg å rydda opp, heller, på overflata. Kjem det opp veldig gradvis, gjennom store sediment, vil ikkje skadeeffekten verta så stor. Men ein bør følgja med på det, meiner Skodvin. Generelt gjeld det at alle fiskeartar tek skade om dei vert utsette for oljehaldige stoff i vatnet, og laksefisk er spesielt utsett ved ei slik ureining.