GULT FAREVARSEL: Bilistar som skal over fjellet, som her på Hardangevidda, kan gløyma sommardekk denne helga. Og hytteeigarar som grev fram hyttene, får meir jobb. Foto: Sigrid Seim

NVE sender ut farevarsel for mykje snø tidleg i helga

«Påfyll av snø». Slik lyder vakthavande meteorolog sitt dystre varsel for inngangen til helga.

På Yr ligg det gult farevarsel for mykje snø både når det gjeld Voss og andre distrikt i Hordaland. Meteorologen meiner likevel at det meste av snøen vil koma i høglandet.

– Ja, i fjellet kan det nok koma 20-40 centimeter snø i løpet av fredag-laurdag, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen. Gult farevarsel er sendt ut.

Mesteparten av snøen ser ut til å koma natta mellom fredag og laurdag. Det er definitivt ikkje føre for sommardekk for dei som skal kryssa fjellovergangane i løpet av helga.

Gradvis betring

– I låglandet er det mest snakk om sludd i byger. Og her vil temperaturen gå litt opp og snøgrensa stiga til 200-400 meter utover laurdag.

Fredag morgon er prognosen for 17. mai-vêret på våre kantar ikkje særleg lysteleg.

– Det kan verta ein temperatur på 5-6 grader midt på dagen, men det ser ut for at me kan få glytt av sol - i alle fall ut på dagen.

Varmare

Då er utsiktene for neste veke langt betre.

– Det ser heldigvis ut til at temperaturen vil stiga og nærma seg normalen for slutten av mai. Det heng saman med at eit høgtrykk byggjer seg opp utover i veka, seier vakthavande meteorolog.

Men fyrst altså «påfyll av snø», i alle fall i fjellet.