FARE FOR RAS: Mettingsgraden i bakken aukar i takt med snøsmeltinga, og dette gjev fare for skred langs bekker og i skråningar. Biletet er frå 2019 då eit stort jordras sperra personar inne i ein bil i Jordalen. Foto: Bjørn Sandnes

Sender ut gult farevarsel frå i dag, onsdag

Frå onsdag melder NVE om at det vert fare for jordskred: – Me har ei vêromlegging i vente.

Høge temperaturar fører til stor snøsmelting, også i høgfjellet.

Mettingsgraden i bakken aukar i takt med snøsmeltinga, og dette gjev fare for skred langs bekker og i skråningar der snøen smeltar, melder varsom.no.

Ifylgje NVE kan utsette bane- og vegstrekningar bli stengde.

Gult nivå er det nest lågaste av dei fire som varslingsnettstaden opererer med - grønt, gult, oransje og raudt.

Les også
Stort steinras sperrar turveg