GULT FAREVARSEL: Ifylgje vêrvarslinga frå Meteorologisk institutt vert det mykje vind og snøfall i helga. Foto: Meteorologisk institutt

Gult farevarsel grunna kraftig vind og snøfokk

Det er venta kraftig vind og snøfokk i fjellet i Vestland fylke frå laurdag.

Meteorologisk institutt melder om snøfokk i fjellet grunna mykje vind i kombinasjon med snøfall.

– Snøgrensa er venta å liggja på rundt 100 til 300 meter frå laurdag kveld, opplyser dei.

Det gule farevarselet er frå laurdag kveld til sundag føremiddag.

Betydeleg snøskredfare i Hardanger

NVE har sendt ut varsel om betydeleg snøskredfare (nivå 4) for Hardanger.

Sjå meir informasjon på varsom.no.