SKREDFARE: Det er meldt skredfare frå Voss og fleire stader langs E16 mot Bergen og natt til torsdag. Slik såg det ut på Bolstad etter skreda på begge sider av Bolstadtunnelen i haust. Foto: Statens vegvesen

Gult farevarsel: Mykje nedbør. Mykje vind. Og skredfare

Meteorologane er ikkje i tvil: Torsdag vert det skikkeleg vått. Men allerede rundt midnatt kan det verta snøskred på Voss.

Det er gult varsel for i kveld, og oppgradering til oransje varsel for torsdag og fredag, ifylgje varsom.no.

NVE opererar med fire nivå på sine varsel: grønt (lågast), gult, oransje og raudt (høgast).

Heile Indre Hordaland er omfatta av det gule farevarselet frå Yr. Meteorologane oppmodar folk om ikkje å ta fleire turar utandørs enn naudsynt torsdag.

I tillegg til mykje nedbør, kan det til dels og bli kraftig vind.

I løpet av 24 timar frå torsdag morgon er det venta 70 millimeter i Hordaland, melder Bergens Tidende.