NYSNØ: Det er meld gult farevarsel om snøskred. Bilete er brukt som illustrasjon. Foto: Marita Saue Hamre

Gult farevarsel om snøskred på Voss og i Hardanger

Torsdag morgon melder Noregs vassdrags- og energidirektorat om auka fare for snøskred.

Snøskredvarslinga er oppe i gult farenivå.

Det gjeld både for området Voss og i Hardanger.

Nysnø

I fylgje varsom.no er det snakk om fokksnø som trugar i begge områda.

Det vil seia flaksnø, eller svakt lag med nysnø.

Dei ber om å unngå terreng som er brattare enn 30 grader der det kan vera nysnø.