GUTEN VART FUNNEN: Det var leiteaksjon Voss laurdag ettermiddag, etter ein fire år gammal gut. Han vart funnen og er uskadd, og saman att med foreldra sine. Foto: Karl Ystanes

Guten er komen til rette

Fireåringen som var sakna ved Lotatræet på Voss laurdag ettermiddag, er komen til rette. Han er trøytt og sliten, men uskadd.

Dette melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 17.02 laurdag ettermiddag.

Guten vart meldt sakna kring klokka 13.20, og det vart sett i sving ein stor leiteaksjon klokka 14.00, der politi, brannvesen, Røde Kors, Norsk Luftambulanse, redningshundar og frivillige deltok.

Guten vart funnen i nærleiken av huset han var sakna frå, og er no saman att med foreldra sine.