SMITTA: Ein elev ved Voss gymnas er stadfesta smitta av covid-19. Foto: Voss gymnas

Gymnaselev på Voss koronasmitta

Laurdag ettermiddag stadfesta Voss herad at ein elev ved Voss Gymnas er smitta av covid-19.

Vedkomande testa positivt etter å ha besøkt familie på Austlandet.

Ein klasse i karantene

Den positive testen førte til at ein klasse, nokre enkeltelevar og tre tilsette ved Voss gymnas vart setja i karantene som nærkontaktar. Den klassen og dei elevane som vart sett i karantene, får no digital undervisning.

Fem vart hurtigtesta

Kommuneoverlege Eystein Hauge fortel at elevane i den klassen som vart ramma, vart testa sundag.

– Me tok i bruk hurtigtestar på fem av elevane som hadde symptom som kan vera i samvsar med med covid-19. Alle desse testane var negative. Desse fem vart òg testa på ordinær måte lik resten av klassen og dei tilsette. Me ventar svar på desse testane seinast tysdag, seier Eystein Hauge.

Raudt nivå

Fungerande rektor Håvard Styve seier han håpar det går bra med den smitta eleven og dei som vart sett i karantene som fylgje av smitten.

– Voss gymnas alt har innført raudt nivå som fylgje av regjeringa sine korona-innstrammingar for vel ei veke sidan. Det tyder at me til ein kvar tid har eit tal klassar som får digital undervisning og ikkje er til stades på gymnaset. Me prøver å få det til slik at dei elevane som har yrkesretta eller praktiske fag, kan vera på gymnaset når dei har desse faga, seier Håvard Styve.