ras: ras stamnes kallestad Foto: John Olav Ørnes

Håpar på opning til helga

Arbeidet med å rydda raset ved brua til Kallestad er så smått i gang, men det vil ta tid – og ein håpar på at vegen kan verta opna til helga.

Det fortel fungerande byggjeleiar Åge Fanebust i Statens vegvesen.

Les også
Ryddinga etter jordraset i Stamnes har starta

Fylkesvegen truleg nokolunde

– Men for all del, me kan ikkje garantera noko om tidspunktet, arbeidet no framover vil avgjera det. Mellom anna korleis vegbana ser ut når me får rydda den, seier Fanebust, om raset som gjekk like før midnatt natt til sundag.

Raset er 15-20 meter breitt, og tre meter høgt.

RYDDING: Arbeidet med å rydda vegane er i gang ved brua til Kallestad. Foto: John Olav Ørnes

Han legg til at fylkesvegen kan sjå ut til å ha klart seg nokolunde bra, det kan vera verre med den kommunale vegen nærast sjøen.

Bekken som renn gjennom rasmassane vil dei kunna leia gjennom ei stikkrenne.

Les også
Rasfaste bilar fylte ferja

Farleg arbeid

– Så må kjem til å gå varsamt fram, å arbeida i eit rasområde er noko av det farlegaste me gjer, understrekar Fanebust.

Det er såleis etablert vakt som ser på rasløpet og området ovanfor og som har direkte kontakt med maskinføraren, som kan varslast om det skulle ta til å lea på seg ovanfor vegen.

– Tryggleiken er sjølvsagt i høgsetet, og me arbeider så fort me kan. Det er heller ikkje fyrste gongen det har gått ras i området, det er vel den tredje i alle fall, seier Fanebust.

Han var sjølv med på oppryddingsarbeidet for 13 år sidan. Det raset gjekk like ved det som gjekk natt til sundag.

– Nett det raset i 2007 var nok noko større enn det me held på med no, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ferjetransport alt i dag
Les også
Geologen: – Dette vil ta tid
Les også
61 fastbuande isolerte etter jordras