ULUKKE: Meldinga om ulukka på Hardangerbrua kom like før klokka 15 fredag. Foto: Geir Geitle

Motorsykkelulukke stengde Hardangerbrua

To personar var involverte i ei motorsykkelulukke på Hardangerbrua fredag.

Meldinga frå politiet kom fredag klokka 14:52.

– Trafikkulukke på Hardangerbrua mellom to motorsyklar. To personar involverte, begge personar er oppegåande. Ambulanse er på staden og tar med seg begge førarar til sjukehus for sjekk, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Brua var stengd ei kort stund grunna ulukka. Klokka 15:15 melde Vegtrafikksentralen at brua er open att for normal trafikk.

Les også
Køyrde på raudt ljos – vart teken på fersk gjerning av politiet