INGEN VEG: Riksveg 7 over vidda er snødekt, og blir ikkje opna måndag. Foto: Webkamera/Statens vegvesen

Hardangervidda vert ikkje opna i dag

På grunn av oppryddingsarbeid vert ikkje riksveg 7 over Hardangervidda opna måndag.

webkameraet til Statens vegvesen viser det at vegen er dekt av snø, og at det ikkje er mogleg å køyra bil på riksvegen over Hardangervidda.

Måndag morgon melder Vegtrafikksentralen vest at vegen ikkje vert opna måndag, på grunn av oppryddingsarbeid.

– Det står att mykje oppryddingsarbeid, så vegen vert ikkje opna i dag, skriv dei.

Desse fjellovergangane opna etter å ha vore stengd sundag ettermiddag:

E16 Vikafjell

E134 Haukelifjell

Rv. 13 Vikafjell

Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Fv. 50 Hol-Aurland

Les også
Sjå opptak frå 17. mai-studiosendinga her
Les også
Raudt, kvitt og blått på fire hjul