Gå til sidens hovedinnhold

Hellesnes blir fylkesvaraordførar

Artikkelen er over 10 år gammel

Mona H. Hellesnes vart kasta som ordførar i Ulvik, men blir fylkesvaraordførar. Eit samarbeid mellom Høgre, Sp og Ap fører til at Hans Petter Thorbjørnsen blir ordførar i Ulvik.

Onsdag kveld vart dei tre partia samde om eit valteknisk samarbeid, som gjer at Thorbjørnsen får den lokale toppjobben, med Stig Yngve Røkenes (H) som varaordførar. Venstre og Mona H. Hellesnes må dermed finna seg i å utgjera opposisjonen saman med SV.

Meir Ap-politikk

- Det er vår måte å prøva å få gjennom litt meir av vår politikk, kommenterer Hans Petter Thorbjørnsen etter at avtalen var klar.

Sitjande ordførar Mona H. Hellesnes er svært skuffa over dette utfallet, sidan dei samla klart største veljaroppslutninga i dette valet.

Venstre var opne

- Eg føler at det var me som fekk dette mandatet frå veljarane. Me har signalisert og vore opne for samarbeid med alle desse tre partia.

- Har Venstre sitt samarbeid på fylkesplan med Høgre fått noko å seia for dette utfallet lokalt?

- Frå mi side har valet på fylkesplan og lokalt heile tida vore sett på separat. Å bruka samarbeidet på fylket som pressmiddel lokalt er heilt uaktuelt.

Valteknisk

Venstre, Høgre og Frp har inngått eit valteknisk samarbeid på fylkesnivå, og syter for fleirtalet i fylkestinget. Tom-Christer Nilsen (H) blir fylkesordførar, og etter at ordførarkabalen i Ulvik vart lagt ferdig onsdag kveld er det klart at Mona H. Hellesnes takkar ja til tilbodet om vervet som fylkesvaraordførar.