STENGJER OPTIKARAR: Frå måndag 15. mars stengjer Helsedirektoratet fleire verksemder. Optikarar er ei av yrkesgruppene som vert ramma. Biletet er nytta som illustrasjon til saka og er henta frå arkivet. Foto: Siri Flatlandsmo

Helsedirektoratet stengjer fleire verksemder

Kiropraktorar, psykologar, optikarar og ei rekkje andre yrkesgrupper blir pålagt å stengja verksemdene.

På nettsida helsedirektoratet.no opplyser Helsedirektoratet at dei har vedteke stenging av ei rekkje verksemder for å stansa spreiinga av korona-viruset.

Her er lista over verksemder som må stengja frå og med midnatt:

¤ Fysioterapeutar inklusive manuellterapeutar

¤ Kiropraktorar

¤ Optikarar

¤ Fotterapeutar

¤ Logopedar

¤ Psykologar

¤ Verksemder som utfører komplementær og alternativ medisin

¤ Verksemder som utfører alternativ behandling

Artikkelen held fram under annonsen.

¤ Andre verksemder utanfor spesialhelsetenesta som tilbyr tenester som ikkje er naudsynt helsehjelp der tenesta involverer fysisk personkontakt med mindre enn to meters avstand og med varigheit over 15 minutt, inklusive aktivitørar, tannpleiarar med fleire

Les også
– Det er provoserande at me lyt gå på jobb

Grunngjeving til kommunane

I eit brev til kommunane grunngjev Helsedirektoratet tiltaket mellom anna slik:

«Helsedirektoratet vurderer at smitteverntiltaket har en medisinskfaglig begrunnelse, er nødvendig av hensyn til smittevernet og for å opprettholde tilstrekkelig smittevernskapasitet i kommuner og i helse- og omsorgstjenesten. Tiltaket vurderes derfor som forholdsmessig og tjenlig ut fra en helhetsvurdering. (...) Etter Helsedirektoratets vurdering vil den samfunnsmessige nytten ved smitteverntiltaket overstige den belastning og ulempe tiltaket medfører for dem det. Frivillig medvirkning er vektlagt i vurderingen.»

Vedtaket gjeld frå måndag

Vedtaket gjeld verksemder i offentleg og privat regi utanfor spesialisthelsetenesta, med mindre verksemda kan vareta helsestyresmaktene pålegg om smittevern.

– Kommunane skal framleis sikra at pasientar framleis får dekka sitt behov for heilt naudsynt helsehjelp, står det i meldinga.

Vedtaket gjeld frå klokka 00.00 måndag 16. mars.

Les også
Ordføraren: – Ta vare på deg og dine