NOMINERT: I sommar var Morten Svartveit med på Husmann-framsyninga i Kvemmadokkje. I tillegg til å ha hovudrolla i lagnadsdrama, Sigd på Det Norske Teatret, har han blitt fast tilsett på teateret. Foto: Lina-Maria Rolland

Her er dei ti nominerte til Årets namn 2019

Med hjelp frå lesarane har Hordaland plukka ut ti nominerte til Årets namn for 2019.

I tida fram til torsdag 19. desember kjem Hordaland til å presentera to og to nominerte på nett og i papiravisa.

Dei to fyrste ut er Hege Eide Vik og Morten Svartveit.

Hege Eide Vik vart historisk då ho vart vald som den fyrste kvinnelege ordføraren i Vaksdal kommune i oktober i år. Ho er i tillegg den fyrste ordføraren frå Senterpartiet. Ho har vore sentral i arbeidet om å få Vaksdal til å bli ein syngjande kommune.

NOMINERT: Hege Eide Vik vart historisk då ho vart vald som den fyrste kvinnelege ordføraren i Vaksdal kommune i oktober i år. Ho er i tillegg den fyrste ordføraren frå Senterpartiet. Foto: Marita Saue Hamre

Morten Svartveit har i løpet av året dukka opp fleire stader. I tillegg til å ha hovudrolla i lagnadsdrama, Sigd, på Det Norske Teatret, har han blitt fast tilsett på teateret. Han var med i siste sesong av teaterstykket Heim på Hordaland teater, og i sommar var han også med på Husmann-framsyninga i Kvemmadokkje.

Dei ti nominerte til Årets namn

I tillegg til Hege Eide Vik og Morten Svartveit er desse nominerte til Årets namn:

Anny Forthun

Sjur Røthe

Kjetil Kriken

Øyvind Wæhle

Torunn Hovland Ljone

Jostein Finne

Vigdis Reisæter

Ruth Lillegraven

Slik stemmer du på din favoritt

Du kan anten senda mail til namn@avisa-hordaland.no, senda ei privat melding på Facebook-sida vår eller stemma ved bruk av kupongen frå papiravisa.

Hordaland tek imot stemmer fram til 19. desember ved midnatt.