Så gav dommaren raudt kort til Ronny Skjelde etter 33 minutt, ei omdiskutert avgjerd som kom til å prega kampen sterkt. Til slutt vann Fana 3-1.

Dommar Oddvar Eikenes frå Trio kom i sterkt fokus under toppkampen mellom Voss og Fana på Idrottsplassen tysdag.

På stillingen 1-0 til Voss i 1. omgang var Ronny Skjelde åleine gjennom, og vart felt så vidt det var i klar skåringsposisjon. Dommaren unnlet å blåsa frispark til Voss, medan ein rasande Skjelde spratt opp att og skjelte spontant dommaren ut. Dommaren svara med sporenstreks å trekkja det raude kortet fram til vossaangriparen, som måtte forlata banen og gå i garderoben.

Med 10 mann heldt Voss likevel 1-0-leinga til eitt kvarter før full tid, men derfrå og inn sprakk det for Voss. Gjestene frå Bergen skåra to kjappe mål og snudde 1-0 til 1-2 på knapt eitt minutt.

Etter å ha spela lenge med 10 mot 11, var Voss sjanselause til å svara i sluttfasen, og det var i staden gjestene som punkterte kampen definitivt med 1-3 på straffespark to minutt før full tid.

Alt såg så bra ut i starten for Voss som gjekk opp til 1-0 etter 20 minutt. Målskårar var kaptein Gaute Hauge som nikka inn ballen etter eit langt innkast frå venstre av Anders Øvsthus.

13 minutt seinare kom episoden som vart veldig omdiskutert, og som var sterkt delaktig i at kampen endra karakter.

Ronny Skjelde vart felt i opplagt skåringsposisjon, og i skuffelsen over ikkje å få frispark mista han hovudet eit par sekund, og brukte gloser som ikkje høyrer heime i det heile tatt på ein fotballbane. Samtidig meinte mange at også dommaren mista litt hovudet, og let seg for lett provosera til å trekkja det raude kortet opp - situasjonen teke i betraktning. Ein litt meir hardhuda dommar kunne kanskje avverga situasjonen med å gje gult kort, og kampen kunne halde fram i det fine sporet han hadde starta i.

- For meg var situasjonen veldig grei, kommenterte dommar Oddvar Eikenes til Hordaland etter kampen.

- Angriparen til Voss var i ubalanse, slik at han gjekk over ende. Eg ser ingen brot på reglane. Deretter protesterte han så kraftig at han fekk det raude kortet.

- Kva med at dette var ein spontan reaksjon frå vossaangriparen?

- Det har ingenting å seia. Det var graden av som var så alvorleg at det kvalifiserte til direkte raudt, svara Eikenes til Hordaland.

Etter sigeren skaffa Fana seg ei luke på fem poeng til Voss i tetkampen, men det er framleis 11 kampar som skal spelast, og ingenting er avgjort.