Ronny Skjelde og resten av vossaspelarane hadde full kontroll på banen.
Ronny Skjelde og resten av vossaspelarane hadde full kontroll på banen. Foto: Stine Strand Carlsen

Herrane drog sigeren i land

Voss rundspelte Fri på heimebane.

Resultatet vart 4-0 til vossingane. Ettertap for kvinnene på Olabanen nokre timar før, smakte det godt med ein siger denne superlaurdagen.

Hadde overtaket

Skage Giljarhus Storheim sette inn det fyrste målet etter ni minutt. Rett før pause sette Martin Bidne inn eit flott mål frå 20 meter.

I andre omgang fortsette skota å komma mot Espelandskeeperen, som hadde nok å henga fingrane i under kampen. Ronny Skjelde og Vebjørn Eide var dei to andre som sette inn mål for vossalaget.

Sjansane til Fri var få, og Voss hadde overlegent overtaket under heile kampen.

To gule kort

Det var også til tider litt aggressivt spel, og vossaspelar Lorentz Esposito fekk gult kort for ei stygg takling. Tord Espeland Kjerpeseth frå Fri fekk også gult kort mot slutten av kampen for nok ei stygg takling. Ein Fri-spelar måtte også hjelpast av bana etter eit fall.

Banas beste spelar for Voss vart Martin Bidne, som vart annonsert over speaker til stor applaus frå ei nesten full tribune.

– For lett!

Vossakaptein Sondre Øvsthus Skutle er nøgd med nye tre poeng, og han synest nesten at kampen var for lett.

– Me hadde full kontroll, og hadde overtaket heile tida. Me kunne sett inn mange fleire mål, og det vert nesten litt daft når me styrer heile kampen slik som me gjorde, seier Skutle.

I kveld vert det feiring, før det er fullt fokus mot neste kamp borte mot Radøy. Kampen er 21. september.

– Eg har trua på at me skal vinna der også! seier Skutle.