Johanna Lillegraven har teke valet, og levert røystene sine. Margit Haugse (innfelt) har valt same partiet som ved alle tidlegare val, sjølv om ho denne giongen ikkje veit kven alle på lista er.
Johanna Lillegraven har teke valet, og levert røystene sine. Margit Haugse (innfelt) har valt same partiet som ved alle tidlegare val, sjølv om ho denne giongen ikkje veit kven alle på lista er. Foto: Sigrid Seim

Historisk valdag i Granvin

Gravensarane gjekk for fyrste gong til valurnene for å røysta på vossingar, attåt nokre med bustad i Granvin.

Valdagen var historisk, på fleire måtar. Dei rundt 800 røysteføre i Granvin omfatta denne gongen også innbyggjarar på Ullensvang-delen av Oksenhalvøya. Det viste att i røystelokalet, der Knut Djønne og Siv Halstensgård frå grendene på andre sida av fjellet, var med som valfunksjonærar.

– Det er fyrste gong me får røysta her. Før har me gjort det i skulen på Djønno, forklarar dei to.

– Men Ullensvang har skore ned på røystestader, så det kunne henda me hadde måtta til Kinsarvik elles, i dag, meiner Knut Djønne.

– Men me har ynskt dette sjølve, minner Siv Halstensgård om. Dei busette på Oksenhalvøya bad som kjent om grensejustering, slik at dei kunne verta ein del av Voss herad.

Kjenner ikkje alle

Margit Haugse sleppte sine lister ned i valurna, og til skilnad frå tidlegare kjende ho slett ikkje alle på lista.

Det var ikkje fullt så travelt i røystelokala på Djønno, kan funksjonærane Knut Djønne (t.v.) og Siv Halstensgård fortelja. Audun Brekke til høgre.
Det var ikkje fullt så travelt i røystelokala på Djønno, kan funksjonærane Knut Djønne (t.v.) og Siv Halstensgård fortelja. Audun Brekke til høgre. Foto: Sigrid Seim
Margit Haugse har valt same partiet som ved alle tidlegare val, sjølv om ho denne giongen ikkje veit kven alle på lista er.
Margit Haugse har valt same partiet som ved alle tidlegare val, sjølv om ho denne giongen ikkje veit kven alle på lista er. Foto: Sigrid Seim

– Men eg har no kryssa litt. Det er litt løye, men me må berre fylgja med. Om det er rett eller gale å verta saman med Voss, det har to sider, det, seier ho.

Kva liste ho skulle velja var ikkje vanskeleg å finna fram til.

– Eg har alltid stemt det same.

Johanna (Hannemor) Lillegraven kjenner heller ikkje så mange på lista ho valde.

Passa på gravensarar

– Valet er like vanskeleg som vanleg. Men me må passa på å få med litt gravensarar, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veljarane trekte til vallokalet i ein jamn straum på føremiddagen, rapporterte funksjonærane. I tillegg hadde rundt 200 veljarar nytta seg av sjansen til å røysta på førehand, kunne dei opplysa.