Ein hjort vart påkøyrd av ein buss på Vossestrand tysdag kveld.
Ein hjort vart påkøyrd av ein buss på Vossestrand tysdag kveld. Foto: Sveinung Klyve/illustrasjon

Hjort påkøyrd av buss

Ein hjort vart påkøyrd av buss på Vossestrand tysdag kveld.

Meldinga vart gjeven til politiet rundt klokka 22.00.

– Hjorten stakk til skogs, og viltnemnda fekk melding om saka. Det var ingen synlege skadar på bussen, seier politifyrstebetjent Gunn Iren Brenden ved  Voss lensmannsdistrikt.