Kollisjon på Dyrvedalen måndag morgon. Biletet er teke i ein annan samanheng.
Kollisjon på Dyrvedalen måndag morgon. Biletet er teke i ein annan samanheng. Foto: Stine Strand Carlsen/Illustrasjon

Hjortekalv døydde etter kollisjon måndag morgon

Ein hjortekalv døydde etter ein kollisjon på Dyrvedalen måndag morgon.

Politiet fekk melding om saka klokka 06.50. Viltnemnda rykte ut. Livet til hjortekalven stod ikkje til å redda.

Viltnemnda rykte og ut då ein hjort vart påkøyrt i Teigdalsvegen på Evanger laurdag. Hjorten fekk så store skadar etter kollisjonen at han vart liggjande i vegen.