Stemninga sto ikkje heilt i taket på den felles valvaka som Høgre og FrP hadde på Fleischer’s Hotel måndag kveld.
Stemninga sto ikkje heilt i taket på den felles valvaka som Høgre og FrP hadde på Fleischer’s Hotel måndag kveld. Foto: Bjørn Sandnes

Høgre skuffa, Frp er mellomnøgd

Stemninga sto ikkje heilt i taket på den felles valvaka Høgre og FrP hadde på Fleischer’s Hotel måndag kveld.

Høgre gjekk tilbake med 3.3 prosent til 10,9 prosent, medan Frp hadde ein tilbakegang på 0,8 prosent og fekk eit resultat på 3,7 prosent i kommunevalet på Voss. Høgre misser eit mandat i det nye heradsstyret og sit att med fem, medan Frp held fram med to mandat som før.

K5 negativt for Høgre

Sveinung Riber i Voss Høgre seier at saka om ny E16 og jernbane mellom Voss og Bergen har vore negativt for partiet lokalt.

– Me kjenner ikkje at me har fått noko draghjelp i denne saka korkje frå partiet sentralt eller Hordaland Høgre. Det kan også tenkjast at Bømosaka har vore negativ for oss, seier Riber.

Lojale veljarar

Stig Frode Støle i Voss FrP er trass alt ikkje så misnøgd sjølv om dei har ein tilbakegang på 0,7 prosent samanlikna med kommunevalet i 2015. Han trur ikkje Bømosaka har vore viktig for tilbakegangen.

– Me held fram med to representantar i det nye heradsstyret som før, sjølv om me hadde ambisjonar om ytterlegare eitt mandat. Ser me på den store tilbakegangen som Frp har hatt landet under eitt, har me halde stand mykje betre enn i svært mange andre kommunar. Det skuldast at me har lojale veljarar her på Voss, seier Stig Frode Støle.