ÅTVARAR: Helseminister Bent Høie (H). Foto: Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Høie: Viss smitten aukar mykje, må me stengja landet

Helseminister Bent Høie (H) kjem med ei tydeleg åtvaring til dei unge om at Noreg kan måtta stengja ned igjen dersom smitten held fram med å blomstra opp.

– Ingen unge menneske ynskjer å spreia farleg smitte, men eg trur at mange unge ikkje veit at dei kan ha viruset utan å vita det og spreier det utan å vilja det, seier Høie på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen tysdag.

Fest og smitte

Private festar, studiestart og fadderveker har skapt utfordringar fleire stader i landet den siste tida.

– Eg trur at du som er ung, tenkjer at viruset ikkje rammar deg, men det rammar deg og det rammar dei og det du bryr deg om, seier Høie.