Tysdag kan vossingane kosa seg i 28 grader og sol.
Tysdag kan vossingane kosa seg i 28 grader og sol. Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv

– Hopp i vatnet, og nyt sommaren

Tysdag vert ein strålande sommardag, med sol frå skyfri himmel og temperaturar opp mot 30 grader.

– Det ser ut til å bli den varmaste dagen før helga, seier Lars Andreas Selberg i Vêrvarslinga på Vestlandet.

Tysdag kan vossingane venta seg så mykje som 28 grader.

– Onsdag og torsdag ser det ut til at Voss får rundt 27 og 26 grader med sol.

Temperaturane går litt ned mot helga, men framleis fint sommarvêr i byrjinga av juli.

– Det er berre å hoppa uti Vangsvatnet, oppmodar Selberg.

Kan koma torevêr

I indre strøk av Hordaland kan det komma lokale ettermiddagsbyer.

– Det er ikkje sikkert at desse vil treffa Voss, men dersom ein er midt i bya kan ein venta seg kraftig regnvêr med tore.

Selberg fortel at dei aller fleste får opphald onsdag.

Fint i helga

Det er framleis vanskeleg å seia akkurat korleis vêret blir på Voss og i omland til helga, men Selberg er optimistisk.

– Det vil vera over 20 grader, men det kan koma litt nedbør mot slutten av helga. Det vil framleis vera flotte sommarsdagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varmen er tilbake på#Vestlandet i morgen, med temperaturer godt oppe på 20-tallet 🌴pic.twitter.com/cQn9Z9RAN0

— Meteorologene (@Meteorologene)July 9, 2018