Mange har ringt til Hordaland i morgontimane laurdag og etterlyst avisa. Dette dreiar seg særleg om abonnentar i området Ringheimsvegen, Rogne og Skulestadmo.

Årsaka er at avisbodet, som er ein vikar, gjekk over ende på isen og braut armen. Han måtte dermed avbryta omdelinga av aviser.

Det ordinære avisbodet Hans Jørgen Boge var på ferie. Han har no avbrote ferien sporenstreks, og er på veg tilbake til Voss så raskt det let seg gjera for å fullføra omdelinga.

Då me snakka med Boge i 09.30-tida laurdag morgon, var han framleis eit par timar reise frå Voss. - Men om lag klokka eitt reknar eg med at alle skal få laurdagsutgåva av Hordaland, opplyser Boge.

Hordaland ber om orsaking for seinkinga.