SOMMARTID: Frå denne veka kjem papiravisa to gonger for veka, onsdag og laurdag. Men nettavisa er løpande oppdatert. Foto: Sjur Tveito

Hordaland kjem onsdag og laurdag

Sommartida har innteke oss, og frå og med denne veka kjem Hordaland med papiravis onsdagar og laurdagar.

Men sjølv om me går ned frå tre til to aviser kvar veke, vil du også i desse sommarutgåvene få fyldig innhald med alt som rører seg i området vårt.

Løpande oppdatering på nett

Hordaland si nettavis vil som vanleg vera løpande oppdatert med nyhende og reportasjar, så me håpar du vil ta turen innom med ulike mellomrom.

Dersom du er abonnent på Hordaland og treng tilgang til den digitale utgåva, kan du registerera deg på:

https://les.avisa-hordaland.no/registrering

eller ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 56 53 03 00.

Sommartida vil halda fram i fem veker framover. Og frå tysdag 4. august er me inne i vanleg rute att med tre papiraviser for veka.