annonse

Hordaland sender akrobatikk i vindtunellen

Tøff flygar
Tøff flygar: Anne Kovacs flyg i eigenprodusert drakt med favorittfuglen raudstrupe på. (Foto: Helge Søfteland)

Denne helga vert det flyging på høgt nivå i vindtunellen på Tvildemoen. Hordaland sender direkte laurdag.

Helge Søfteland
  • Helge Søfteland
  • Tlf: 950 38 833

Det er Voss Kroppsfykarlag som inviterer til flygande kappestrid for både lag og enkeltutøvarar. Anne Kovacs er ei dame i sin beste alder og har funne sin favoritthobby.

– Eg har runda hundre timar i tunell, før hoppa eg fallskjerm, men dette tek ikkje så hardt på kroppen, fortel ho, i ein pause mellom fykinga i heimesydd drakt med raudstrupe-motiv.

– Det er tøffaste fuglen på fuglebrettet, smilar Anne. Ho og dei andre deltakarane i konkurransane ser du i Hordaland si direktesending laurdag klokka 14:30.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse