Anne Kovacs flyg i eigenprodusert drakt med favorittfuglen raudstrupe på.
Anne Kovacs flyg i eigenprodusert drakt med favorittfuglen raudstrupe på. Foto: Helge Søfteland

Hordaland sender akrobatikk i vindtunellen

Denne helga vert det flyging på høgt nivå i vindtunellen på Tvildemoen. Hordaland sender direkte laurdag.

Det er Voss Kroppsfykarlag som inviterer til flygande kappestrid for både lag og enkeltutøvarar. Anne Kovacs er ei dame i sin beste alder og har funne sin favoritthobby.

– Eg har runda hundre timar i tunell, før hoppa eg fallskjerm, men dette tek ikkje så hardt på kroppen, fortel ho, i ein pause mellom fykinga i heimesydd drakt med raudstrupe-motiv.

– Det er tøffaste fuglen på fuglebrettet, smilar Anne. Ho og dei andre deltakarane i konkurransane ser du i Hordaland si direktesending laurdag klokka 14:30.