– Velkomen til Voss Gondol, ynskjer Sigbjørn Slåtten (Utviklingsdirektør) på veg ut av gondolen med Øyvind Wæhle (Adm. direktør Voss Resort), Anna Bryn (Dagleg leiar Voss Resort Fjellheisar) og Synva Vinje (Marknadssjef).
– Velkomen til Voss Gondol, ynskjer Sigbjørn Slåtten (Utviklingsdirektør) på veg ut av gondolen med Øyvind Wæhle (Adm. direktør Voss Resort), Anna Bryn (Dagleg leiar Voss Resort Fjellheisar) og Synva Vinje (Marknadssjef). Foto: Ørjan Brattetveit

Hordaland sender direkte frå gondolen

10. juli opnar Voss Gondol med ny gondol og restaurant på Hangur.

Hordaland sender direkte frå opninga på nedre stasjon ved gondolen.

Direktesendinga startar klokka 09.55 onsdag.

-Sjå video frå prøvekøyringa med Voss Gondol.

Programmet

I løpet av opninga klokka 10 skal namna på kabinane offentleggjerast, deretter skal dei som tok siste turen med Dinglo og Danglo få fyrste turen med nye gondolen.

Journalist Ørjan Brattetveit er reporter, medan journalist og nettansvarleg Marita Saue Hamre skal vera kameradame, og ta seg av det tekniske.

Sjå video frå prøveturen med gondolen, samt intervju med Wæhle og Slåtten om prosessen og utfordringane undervegs i prosjektet.

Les òg:

-Slik blir turen med gondolbanen.

-Trur på over 400 passasjerar dagleg.

-No er snart alt klart ved terminalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Offisiell opning i september

Komande onsdag opnar den nye gondolbanen.

– Dette vert ein stor dag for oss. Etter mange år med planlegging og intens jobbing, er me endeleg klare til å ta i mot folk, seier Øyvind Wæhle, som er administrerande direktør i Voss Resort.

Offisiell opning vert 26. september.

– I september vert det meir pomp og prakt med mange gjester. Sidan det har vore ein del uvisse rundt kva dag me kunne koma i gang her, tek me berre ei rolegare opning onsdag, seier Wæhle.