Hordaland sender direkte frå paraden som startar fredag ettermiddag.
Hordaland sender direkte frå paraden som startar fredag ettermiddag. Foto: Ekstremsportveko

Hordaland sender direkte frå Pride på Voss

For fyrste gong i historia skal homofile sine rettar feirast med Pride-parade på Voss.

Hordaland sender direkte frå paraden som startar fredag ettermiddag.

Det er Ekstremsportveko som set rammene rundt det heile.

-Sjå direktesendinga her.

– Ekstremsportveko ynskjer å lyfta seksualitet- og kjønnsmangfald høgare opp på agendaen i idretten og på Voss, seier Veko-sjef Kjetil Kriken.

Les òg:

-Voss herad med fane i Pride-paraden.

-Håpar på folkefest på Pride under Veko.

Over 600 deltakarar

Paraden startar utanfor avishuset på Svartenakken, og skal gå langs strandpromenaden.

Det er over 600 personar som skriv at dei skal delta eller er interesserte i å delta, på Facebook-sida til arrangementet.

Sender direkte

Hordaland startar sendinga 16.50.

Ørjan Brattetveit er reporter og Marita Saue Hamre er kameradame og ansvarleg for det tekniske under sendinga.