Nettansvarleg og journalist Marita Saue Hamre skal vera kameradame, medan sportsjournalist Ørjan Brattetveit er reporter under direktesendinga frå Voss Cup i helga.
Nettansvarleg og journalist Marita Saue Hamre skal vera kameradame, medan sportsjournalist Ørjan Brattetveit er reporter under direktesendinga frå Voss Cup i helga. Foto: Stine Strand Carlsen

Hordaland sender direkte frå Voss Cup

Hordaland sender direkte frå fotballkampar, folkeliv og intervju med fotballglade vossingar.

Fredag vert Voss Cup sparka i gang for 29. gong på Voss.

Laurdag sender Hordaland direkte frå folkelivet på Prestegardslandet og ved fotballbanane i sentrum.

Sendinga startar klokka 10.20, og det vert reportasjar og intervju.

-Sjå sendinga her. 

Hordaland vil fylgja spesielt med kampen mellom jentelaga til Bulken og Eldar i klasse jenter 2012 som startar klokka 10.30.

Sendinga vil strekkja seg litt utover føremiddagen.

Endå betre tilbod

På denne måten ynskjer Hordaland å gje lesarane eit endå betre tilbod om dekking av kva som skjer i distriktet vårt.

To journalistar er i aktivitet laurdag.

Sportsjournalist Ørjan Brattetveit er reporter, medan journalist og nettansvarleg Marita Saue Hamre er kameradame, og tek seg av det tekniske.

Les òg:

-Send oss dine blinkskot frå Voss Cup 2019.

Send inn dine foto

Fotballturneringa Voss Cup samlar fleire tusen fotballglade til Voss helga 14. til 16. juni 2019.

Hordaland og Voss Cup ynskjer å sjå dine beste blinkskot frå helga.

Send oss bilete frå cupen, og bli med i trekninga av ein tur med gondolen og middag for to på restauranten.

Slik deltek du

Send bileta til avisahordaland på Snapchat.

På e-post tilvosscup@avisa-hordalaland.no.

Eller bruk hashtag #avisahordaland, #vosscup og #vosscup2019 på Instagram.

Merk gjerne kontoen til Voss Cup: @vosscup.no på Instagram, òg.

Sjekk ut det stilige filteret vårt på Snapchat.

Biletserie på nett

I løpet av helga kan du sjå alle bileta i ein biletserie påwww.avisa-hordaland.no, og på Voss Cup sine kanalar.

Konkurransen gjeld frå fredag 14. juni til sundag 16. juni.

Vinnaren vert kåra måndag 17. juni.