Hotel Ullensvang vert stengt i vinter frå 13. desember til 2. april.
Hotel Ullensvang vert stengt i vinter frå 13. desember til 2. april. Foto: Haakon Nordvik

Hotell Ullensvang vert vinterstengt

– Etter ei kontinuerleg heilårsdrift i over 50 år er det utan tvil ei tung avgjersle å ta, seier Barbara Zanoni Utne og Hans Edmund Utne.

Det er dei 5. generasjons eigarane av hotellet som opplyser dette i ei pressemelding.

Der gjer dei det klart at det ærverdige hotellet på Lofthus komande vinter vert stengt i ein lang periode.

Færre gjester vinterstid

I pressemeldinga uttalar dei at Hotel Ullensvang over fleire år har hatt ein pågåande omstillingsprosess for å sikra ei berekraftig drift der dei må forhalda seg til endringar rundt seg.

– Talet på gjester i vinterhalvåret har gått jamt ned dei siste åra og me har no nådd eit punkt som gjer det vanskeleg å oppretthalda drifta i dei tyngste vintermånadene. For å sikra ei forsvarleg framtid for hotellet, må me ta inn over oss at det ikkje let seg gjera å halda ope i månader der marknaden tilseier at me skal ha stengt, opplyser dei.

Les òg:

-

Ny overnattings­­rekord i Hardanger.

-

Brakanes Hotel kjempa seg over att på plussida.

Stengt frå 13. des til 2. april

– Me har på bakgrunn av dette kome til ei avgjerd om at hotellet blir vinterstengt i perioden 13. desember 2019 – 2. april 2020. Kva komande vintrar bringar, kan me på noverande tidspunkt ikkje ta stilling til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigarane presiserer at grunnlaget for drift av Hotel Ullensvang er tilstades for åra som kjem, men dei må ta innover seg marknadsutviklinga og handla deretter.

Halvert konferansemarknad

Konferansemarknaden har vore det viktigste grunnlaget til hotellet for å drifta i vinterhalvåret.

– Denne marknaden har i Hardanger meir enn halvert seg dei siste 15 åra. Tilbod i sentrale strøk har auka – til dømes hotellromkapasiteten i Bergen/Flesland – arrangørane ynskjer å bruka mindre reisetid og i tillegg har digitalisering påverka og vil halda fram å endra denne marknaden.

– Jolebord har vore ein annan viktig marknad for oss, der me merkar stor nedgang i etterspurnaden.

Forverra eksterne rammevilkår

– Me må videre ta utgangspunkt i dei eksterne rammevilkåra som me har å forhalda oss til. Desse har blitt drastisk forverra dei siste åra, ifylgje Utne-ekteparet.

– Samferdsel og tilgjengelegheit er vidare eit viktig stikkord – dette er nøkkelen for å kunna lukkast med å utvida sesongen, og å tiltrekkja seg internasjonal vintertrafikk. Me har over lengre tid prøvd å påverka til å få utbetra RV 13 og få ein heilårsveg over RV 7 Hardangervidda. Sistnemnde på bakgrunn av den lovnaden som reiselivet har fått om trafikk av den internasjonale marknaden om at vintersikker veg også vil tilføra turisme på denne tida av året. Realiteten på RV 13 er på ingen måte god Hardangerreklame. Me opplever endå større utfordringar med å marknadsføra regionen utanom sommaren, då rasutsette og stengde vegar gjer det umogleg å tiltrekkja seg tilreisande gjester. Me håpar i det lengste at politikarar meiner alvor med valløfta om betre vegar i og til Hardanger.

Lojale tilsette

Hotelleigarane er svært stolte og glade i sine lojale tilsette og opplever ei forståing for denne situasjonen.

– Leiinga sitt største fokus vil no vera å halda oppe den gode dialogen og at me saman finn dei beste løysingane, basert på realiteten me står overfor. Me er opptekne av å syta for føreseielege forhold og å sjå til at alle blir ivaretekne på best mogleg måte.

– Ein formidabel innsats er lagt ned av alle våre tilsette dei siste åra, basert på den utviklinga som me har sett koma og har opplevd. Då er det ekstra tungt å meddela ein slik bodskap, men me ser dette som nødvendig for å kunna sikra ei framtidig og levedyktig drift basert på realitetane me har å forhalda oss til, opplyser Barbara Zanoni Utne og Hans Edmund Utne i pressemeldinga.