Ikkje aviser i Ulvik i dag
På grunn av ein sorteringsfeil har ikkje Hordaland blitt levert i Ulvik tysdag.
Hordaland har fått inn fleire meldingar om at avisa ikkje har blitt levert i Ulvik-området tysdag.
– Det viktigaste me gjer, er å få avisene fram til folket. Når ikkje det skjer, er det sjølvsagt veldig beklageleg. Truleg er det ein sorteringsfeil som gjer at avisene ikkje har kome fram, og me jobbar med å finna ut kvar feilen har skjedd, seier konsernsjef i Hordaland, Terje Olsen.
Avisene vil verta etterlevert i morgon, onsdag.
– Alle abonnentar vil få avisene etterlevert. Me seier oss leie for feilen, seier Olsen.