ÅTVARAR: Direktør for Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, åtvarar mot å samla born til leiketreff. Foto: Skjermbilete frå pressekonferanse

Åtvarar mot å samla born til leiketreff

Folkehelseinstituttet åtvarar mot å samla born til leiketreff. – Målet er å halda folk frå kvarandre.

Under pressekonferansen fredag ettermiddag opplyste direktør for Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, at dei ikkje ynskjer at born vert samla til leiketreff.

– Målet er å halda folk frå kvarandre. Dei som ikkje er på skulen eller barnehage er ikkje i karantene, men det er ikkje ynskjeleg at born vert samla, sa ho.

Karantenereglane gjeld

Karantenereglane som gjeld, er dei som vart etablerte torsdag kveld, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

Stoltenberg beklaga forvirringa som hadde oppstått gjennom fredagen.

Dei som har vore utanfor Norden etter 27. februar, eller som har vore i nærkontakt med nokon som har påvist smitte, må framleis vera i heimekarantene i fjorten dagar – men ikkje familiane deira, som det vart meldt tidlegare på dagen.

Les også
Ordføraren ber hyttefolk om å halda seg heime

Same reglar for gravide

På pressekonferansen på fredag utdjupa òg Stoltenberg smittefaren for gravide.

– Gravide kan ha auka risiko for enkelte utviklingar viss dei blir smitta, mellom anna influensa, men me veit ikkje om dette gjeld for covid-19. Difor gjeld same reglane for gravide som for andre, sa FHI-direktøren.

Born blir no bedne om å vera mest mogleg heime, og FHI rår frå å samla born til leiketreff.

Dei kan likevel omgåast sysken som vanleg.