SPY: Eigaren av Minigolfen, Renate Kvåle, har lagt ut dette bilete som viser spy på terrassen etter at nokon har brote seg inn på terrassen på uteserveringa. Foto: Minigolfen/Facebook

Innbrot, fest og spy på uteserveringa

Natt til 1. pinsedag vart det gjort innbrot på Minigolfen ved Vangsvatnet. No ynskjer eigaren tips i saka.

På Facebook-sida til MG Restaurant-Pub (Minigolfen) har eigar Renate Kvåle lagt ut fleire bilete som viser spy på terrassen, tomgods og hærverk.

– Dette er takken for at me står på og prøver å overleva i ein alt pressa situasjon. Det har vore innbrot på terrassen vår i natt, skriv Kvåle.

TOMGODS: Det låg tomgods strødd på uteserveringa som var stengd. Foto: Minigolfen/Facebook
Les også
Politiet melder om ei svært travel natt

Har meldt saka til politiet

Ho nemner mellom anna at nokon fysisk har fjerna porten som var stengd, i tillegg til at det er spy, tomgods og rasering på staden.

– Me har meldt dette til politiet, men tips i saka kven dette er kan sendast direkte til meg, så tek me tak i saka.

Ho skriv også at det såg verre ut enn på bileta.

– Me har fått nokre tips, men me har førebels ikkje fått sjekka dei ut, seier Kvåle når Hordaland får tak i ho måndag føremiddag.

Sterke reaksjonar på Facebook

Fleire har reagert på Facebook-innlegget.

– Kva er det som er gale med folk? Eg vert rasande på dykkar vegner, skriv Line Bratten Michelsen.

– Dette er ikkje bra, skriv Aase Ekrheim på Facebook.

Les også
Politiet: – Vent med hagearbeidet til tysdag