Jamnatunnelen på E16, like før Vaksdal på veg mot Bergen, er stengd.
Jamnatunnelen på E16, like før Vaksdal på veg mot Bergen, er stengd. Foto: Skjermdump 1881.no

Jamnatunnelen open att

Jamnatunnelen på E16, like før Vaksdal på veg mot Bergen, er no open for fri ferdsel.

Det får me opplyst ved vegtrafikksentralen til vegvesenet.

Steinblokka er teken ned og vegen er sikra att. Dermed går trafikken som normalt.

Vegen vart stengd rundt kl 06.30 - og opna att 09.10, får me opplyst.

Vegtrafikksentralen melde torsdag morgonat ei steinblokk hang ned frå tunneltaket.

Meldinga var også at vegen kunne verta stengd i fleire timar framover.

Omkøyring via Fv 79 Hardanger, melde vegvesenet på nettsidene sine.

E16 Jamnatunnelen i Vaksdal kommune, er stengt pga. opprydningsarbeid. Det er en stor steinblokk som henger ned i fra tunneltaket. Omkjøring via Fv 79 Hardanger.

Forventet åpning klokken 10:00.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)November 7, 2019