annonse

Jobbar ti timar om dagen for å opna riksvegen

SØKKJEHOL:
SØKKJEHOL: Slik såg søkkjeholet ut for ei veka sidan. Til fredag skal Vegvesenet opna eitt felt i riksvegen. (Foto: Marita Saue Hamre)

Arbeidet går etter planen på riksveg 13 ved søkkjeholet. Fredag opnar eitt felt i vegen.

Marita Saue Hamre

– Me opnar eitt felt ved søkkjeholet på fredag. Me har i tankane at Voss Cup startar, og opnar dermed eitt felt, seier Bente Bergstø i Statens vegvesen.

Det var midt i mars at det vart oppdaga eit djupt søkkjehol på riksveg 13 ved Vetleflaten.

Det var ei gammal stikkrenne, ei såkalla kisteveit som Vegvesenet trur er rundt 150 år gammal, som kollapsa.

Les òg:

Jobbar ti timar om dagen

Denne låg under riksvegen og jernbanelina.

– Kvifor har de ikkje hatt døgnarbeid for å bli ferdige på staden?

– Det vert jobba ti timar om dagen på området. Arbeidstilsynet har sine forskrifter, og dei fylgjer me, seier Bergstø.

Bergstø kan ikkje sei noko om kor tid dei vert heilt ferdige på staden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse