Slik såg søkkjeholet ut for ei veka sidan. Til fredag skal Vegvesenet opna eitt felt i riksvegen.
Slik såg søkkjeholet ut for ei veka sidan. Til fredag skal Vegvesenet opna eitt felt i riksvegen. Foto: Marita Saue Hamre

Jobbar ti timar om dagen for å opna riksvegen

Arbeidet går etter planen på riksveg 13 ved søkkjeholet. Fredag opnar eitt felt i vegen.

– Me opnar eitt felt ved søkkjeholet på fredag. Me har i tankane at Voss Cup startar, og opnar dermed eitt felt, seier Bente Bergstø i Statens vegvesen.

Det var midt i mars at detvart oppdaga eit djupt søkkjehol på riksveg 13 ved Vetleflaten.

Det var ei gammal stikkrenne, ei såkalla kisteveit som Vegvesenet trur er rundt 150 år gammal, som kollapsa.

Les òg:

-Halve riksvegen var vekke på grunn av søkkjehol.

-Usemje om kostnader stansa arbeidet med søkkjeholet.

-Opninga av riksvegen utsett.

Jobbar ti timar om dagen

Denne låg under riksvegen og jernbanelina.

– Kvifor har de ikkje hatt døgnarbeid for å bli ferdige på staden?

– Det vert jobba ti timar om dagen på området. Arbeidstilsynet har sine forskrifter, og dei fylgjer me, seier Bergstø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergstø kan ikkje sei noko om kor tid dei vert heilt ferdige på staden.