Det var stor jubel på Voss MDG si valvake på Voss Vandrarheim då NRK presenterte prognosa for resultatet i kommunevalet. tala syner nær ei dobling for MDG samanlikna med kommunevalet for fire år sidan.
Det var stor jubel på Voss MDG si valvake på Voss Vandrarheim då NRK presenterte prognosa for resultatet i kommunevalet. tala syner nær ei dobling for MDG samanlikna med kommunevalet for fire år sidan. Foto: Bjørn Sandnes

Jubel hjå dei lokale MDG-arane

Jubelen sto i taket på valvaka til Voss MDG på Voss Vandrarheim då NRK offentleggjorde tala for dei førebels oppptalde stemmene for kommunevalet kl 21.00 måndag.

Tala er ei prognose utarbeidd av Valdirektoratet. Om prognosa blir det endelege resultatet, tyder det nær ei dobling for MDG samanlikna med kommunevalet i 2015.

Fantastisk tal

Listetopp for Voss MDG, seier at dette er eit fantastisk tal.

– Dette syner at fleire og fleire er opptekne av dei sakene vi kjempar for når det gjeld klima og miljø. Eg gler meg også over framgangen til dei andre partia som har miljø og klimapolitikk høgt oppe på sin dagsorden, seier Klyve.

Samarbeid

Han meiner det er sunt at dei store maktpartia vert mindre.

– No må desse partia søka samarbeid med mange andre parti. Det tykkjer eg er sunt for demokratiet, og eg trur det blir betre politikk av dette, seier Sveinung Klyve.

Listetopp Sveinung Klyve i Voss MDG (t.h.) er svært nøgd og seier at valprognosa syner at partiet no kan få reell innverknad på politikken i kommunane. Listetoar Øystein Ormåsen er ikkje mindre nøgd.
Listetopp Sveinung Klyve i Voss MDG (t.h.) er svært nøgd og seier at valprognosa syner at partiet no kan få reell innverknad på politikken i kommunane. Listetoar Øystein Ormåsen er ikkje mindre nøgd. Foto: Bjørn Sandnes