Jon Askeland (midten) kjende seg ikkje trygg på rasstaden ved bompengestasjonen på Bolstad. Til høgre står Vidar Skeie og ser ned på kampesteinane som har dundra ned i fjorden. Trafikkdirigent og styreleiar i Vossaløysinga, Einar Larsen (til venstre) er litt meir van med omgjevnadene.
Jon Askeland (midten) kjende seg ikkje trygg på rasstaden ved bompengestasjonen på Bolstad. Til høgre står Vidar Skeie og ser ned på kampesteinane som har dundra ned i fjorden. Trafikkdirigent og styreleiar i Vossaløysinga, Einar Larsen (til venstre) er litt meir van med omgjevnadene. Foto: Stine Strand Carlsen

– K5 må bli fyrsteprioritet i Hordaland

Fylkesordførarkandidat Jon Askeland (Sp) er klar på at han vil prioritera K5 før Hordfast.

Les og:

-K5 hastar mest, det er alle samde om

-Status framleis: Manuell dirigering på Bolstad ut september - minst

Fredag morgon var den svært så aktuelle fylkesordførarkandidaten for Vestland på synfaring på rasområda på Bolstad. Han var skaka over det han såg. Kampesteinar låg store som bilar nedover fjellsidene og mot fjorden, og bekkane rann brune.

– Det er klart at dette gjer inntrykk. Ein ser kva for store krefter som har vore i sving, og det er berre flaks at det ikkje har gått liv med – denne gongen òg. Det rasar og rasar på denne vegen, og folk er redde. Dette går berre ikkje lenger, seier Askeland.

Alle er samde, no må ord gjerast om til handling. Frå venstre Jon Askeland, Samson Hamre, Nils T. Bjørke og Nils Akselberg.
Alle er samde, no må ord gjerast om til handling. Frå venstre Jon Askeland, Samson Hamre, Nils T. Bjørke og Nils Akselberg. Foto: Stine Strand Carlsen

– Må mobilisera

Han er klar på at K5 må bli fyrsteprioritet i Nasjonal Transportplan, og må gå føre prosjekt som Hordfast, altså ferjefritt samband mellom Stord og Os.

– Tryggleik, liv og helse må koma fyrst. K5 må inn som ein klar fyrsteprioritet i Hordaland i Nasjonal Transportplan, med byggjestart i 2022. Men – då må me ha eit sterkt fylkesting som gjev endå tydelegare beskjed til regjeringsapparatet. For viljen er ikkje der frå statleg hald, og det må sterk mobilisering og organisering til for å vinna fram prosjektet. Me i Senterpartiet skal kjempa med nebb og klør for å få dette prioritert, seier Askeland.

Stortingspolitikar Nils T. Bjørke (Sp) var også på plass på Bolstad, og han skildrar også K5 som det klart viktigaste vegprosjektet i Hordaland.

– Dette har me arbeidd med lenge, men realiteten er at regjeringa gong på gong har utsett prosjektet. No stod alle på Hangurstoppen frå alle parti på Stortinget og sa at noko må gjerast, men det nyttar ikkje om me ikkje vågar å prioritera dette føre alt anna. Det er mange viktige vegprosjekt i Hordaland, men no må faktisk dette prioriterast. Det er den mest rasfarlege og mest trafikkerte vegen, og me kan ikkje basera oss på flaks i ti år til framover. No må me få midlane på plass, koma i gang med planlegginga og byggja, seier Bjørke.

Samson på kampplass

Fleire andre lokale Senterpartipolitikarar var med på synfaringa, mellom andre Samson Hamre som står på kampplass på fylkestingslista.

– Eg er klar for å kjempa for K5, og kjem til å ha det som fanesak. Begeret er for lengst fullt, og dette kan me rett og slett ikkje akseptera lenger, seier Hamre.

Nils Akselberg i Vossaløysinga fortel at den rasfarlege vegen har store konsekvensar for næringslivet på Voss.

– Me i Vossaløysinga representerer over 100 verksemder som brukar denne vegen til dagen. Det er alt frå varetransport til folk som skal koma trygt til og frå jobb, og me har dårleg samvit for å senda folk ut på denne livsfarlege vegen kvar dag. Denne vegen er heilt avgjerande for at me skal få til ei framtid i vekst, også for reiselivsnæringa. Tryggleiken me alle fortener, den er ikkje der. Noko må gjerast, og det fort, om ikkje kjem det til å gå liv tapt, seier Akselberg.

– Ta kampen!

Einar Larsen er prosjektleiar for Vossaløysinga As, og også trafikkdirigent på rasstaden på Bolstad. Han meiner det for lengst er på tide å gjera ord om til handling.

– No kan me ikkje venta lenger. Eg snakkar med livredde bilistar kvar dag, som så vidt torer å sjå oppover fjellsidene. Alle er samde; me vil ha ein trygg veg! Men no må kampen takast, og den må takast skikkeleg.