Øyvind Wæhle opplyser om stengde stiar framover.
Øyvind Wæhle opplyser om stengde stiar framover. Foto: Rolf Tepstad

Kabeltrekking gjev stengde stiar ved Hangur

– Stiane ved Skjor og ved Mølster kjem til å verta stengde i lengre periodar framover, opplyser Øyvind Wæhle.

– Årsaka er sjølvsagt kabeltrekkinga til den nye gondolbanen, som no føregår for fullt, seier Voss Resort sin administrerande direktør.

Stenginga gjeld stien opp frå Mølster til Hangurslia og like eins stien bortover frå Mølster til Orrefloten.

– Stiane vil bli fysisk stengde med gjerde. I tillegg kjem me til å setja opp skilt som fortel om stenginga, både på Mølster, på Hangur og på skogsvegen opp frå Bavallen.

Wæhle kan ikkje seia kor lenge stenginga vil halda fram, men understrekar at dette er periodevis og at alle stiar vil ha fri ferdsel dei fleste helgane framover.