Kanoulukke i Raundalselva var falsk alarm

RYKTE UT: Det vart full utrykking til Raundalselva måndag kveld etter meldingar om ei mogleg kanoulukke. Det synte seg å vera falsk alarm. Biletet er frå arkivet. Foto: Øystein Bjørke

Måndag ettermiddag observerte eit forbipasserande tog ei mogleg kanoulukke i Raundalselva. Det synte seg å vera falsk alarm.

Klokka 17:25 meldte Vest Politidistrikt om ei mogleg kanoulukke i Raundalselva.

– Om du er i området og ser noko ring 112, opplyste Vest Politidistrikt.

Naudetatane rykte ut.

18:11 hadde politiet kontakt med fire personar som var ok i området, og klokka 18:32 kunne politiet melda om at situasjonen var avklart, og at alle var i god behald.

Les også
Kollisjon i kryss på Tvildemoen: Ein person til sjukehus