VOSS GYMNAS: No og med lokalt høgskuletilbod. Foto: Voss gymnas

Klar for høgare utdanning?

Det nye høgskuletilbodet på Voss startar til hausten, og søknadsfristen nærmar seg raskt.

– Kva er det ein kan studera, spør me Arne Førde som har skifta beite frå Fbk Voss til rådgjevarstilling i næringshagen på Voss.

– Prosjektet med høgskuleutdanning er eit samarbeid med næringshagen i Odda, som administrerer tilbodet medan me har hand om det praktiske her på Voss, der det er Voss gymnas som vert base for samlingane som er knytt til dei ulike faga. Tilbodet vert deltidsutdanning innan organisasjon og leiing, bedriftsøkonomi, økonomi og administrasjon og rekneskap og økonomirådgjeving, ramsar Førde opp.

– Kven passar dette for?

– Me trur det passar for veldig mange, både dei som er i jobb og vil vidareutdanna seg som deltidsstudentar, og eg vil tru at det i denne spesielle situasjonen me er oppe i, så passar det og for dei som diverre er permitterte og kan risikera å vera det i lang tid. Dette vil gje dei kompetanseheving. Det kan og passa for ungdom som akkurat er ferdig med vidaregåande og ikkje ynskjer å flytta frå Voss, kanskje er dei alt i jobb og vil ta deltidsstudium over to år i kombinasjon med jobben. Me håpar uansett å få så mange søkjarar som mogleg, og er veldig godt nøgde med å ha fått etablert tilbodet, seier Førde.

Må bestemma seg fort

Frist for å søkja opptak er 12. april, men Førde ynskjer å ta opp politisk om det er mogleg å flytta fristen til 1. mai.

– Det er spesielt med denne situasjonen no når så mange vert permitterte og folk og bedrifter må gjera nye vurderingar kvar veke. Noreg er jo stengt ned til over påske, men varar det lenger vil jo permisjonar, oppseiing og konkursar eskalera så lenge dette varer. Så då vil det vera fornuftig med lenger frist. Om me får det til veit eg ikkje, men det er eit viktig innspel i denne situasjonen som jo gjeld heile landet, meiner Førde.

Høgskuletilbod: Arne Førde og næringshagen har fått på plass høgskuletilbod på Voss gymnas. Foto: Vidar Herre

Høgskulebygd?

– Vil du at Voss skal bli fotball- og høgskulebygd og ta opp kampen med Sogndal?

– Med min bakgrunn er det nærliggjande å tru, men det er ikkje intensjonen min. Dette kan vera bra for bygda, for folk som vil vidareutdanna seg men ikkje kan flytta på seg. Det er lettare å studera når du er 19 og ikkje har familie, men er du 40 og vil noko meir så er det gjerne vanskelegare å få til. Om dette vert noko meir på sikt veit eg ikkje enno, det er politikarar og næringsliv som eventuelt må finna ut om det er behov og kva behova er, men eg jobbar gjerne vidare med dette, avsluttar Arne Førde.

Prosjektet har kome i stand etter initiativ, midlar og ressursar frå Sparebanken Vest og Voss Gymnas. Det er eit samarbeid med Næringshagen i Odda og utdanningstilboda i Odda, Kvam og Eidfjord.