Latsekk-padlinga har blitt eit kjent varemerke for festivalen på Mo.
Latsekk-padlinga har blitt eit kjent varemerke for festivalen på Mo. Foto: Jan-Egil Dyvik / Arkiv

Klart for fiskefestival på Mo

Laurdag denne helga er det duka for fiskekonkurranse og mykje underhaldning på Mo.

– Me har eit rikt program med fisking, andeløp, padlekonkurranse og dans med Good Time Charlie på kvelden på Mobryggja, seier Roger Fure, butikksjef ved Coop Marked i Modalen, som står bak arrangementet.

Fiskefestivalen har blitt eit fast innslag på seinsommaren på Mo.

– Festivalen vart arrangert mange år tidlegare. Det var stopp nokre år, før me drog i gong att tradisjonen for fire-fem år sidan. Det plar vera eit populært arrangement og det er kjekt og sosialt å samlast på denne måten, seier Fure.

Latsekk-konkurranse

Dei seinare åra var padlekonkurransen kalla «Latsekk-konkurransen» vorte eit morosamt innspel i programmet.

– Her skal ein blåsa opp såkalla latsekkar, og padla fortast mogleg frå sandstranda på Mo og bort til båthamna. Det er kaldt i vatnet, så her kan det vera lurt å ta på seg våtdrakt!

Det vert også ope i Sognafloren og Låvebakeriet under arrangementet.

– Hjå Mobryggja vert det også smaksprøvar av deira fantastiske fiskesuppe, og seinare på kvelden vert det fisk- og skalldyrsbuffet før dansen, seier Fure.

Håpar på god deltaking

Han håpar mange tek turen til Modalen denne laurdagen.

– Det plar vera mest lokale som deltek på arrangementet, men det hadde vore veldig kjekt og også fleire utanfrå tok turen hit, seier han.