Gå til sidens hovedinnhold

Knekte tre i sentrum

Artikkelen er over 10 år gammel

Treet framføre Vekselbanken har fått ei grein mindre.

Det var klokka 02.30 natt til søndag politiet fekk melding om hendinga. Nokon har knekt av ei større grein av treet som prydar gangfeltet ved Vekselbanken

- Ein person såg at treet var knekt og meldte frå til politiet, seier lensmann Ivar Hellene.

- Me etterforskar saka på vanleg måte, og ynskjer tips om nokon har høyrt eller sett noko.

Treet ser likevel ut til å ha overlevd basketaket, og har i dag fått pleie og eit reint kutt der greina vart broten av.