Kollisjon i kryss på Tvildemoen: Ein person til sjukehus

Like før midnatt sundag kolliderte to bilar i 60-sona på Rv. 13 på Tvildemoen.

Airbagar var løyste ut, og ein person vart frakta til sjukehus. Vedkomande skal ha vore medviten, men skadeomfang er ukjend.

– Det var tre personar involverte. Dei to andre vart dimittert på staden. Det er truleg brot på vikeplikta som var grunnen til ulukka, melder politiet.

Det er ikkje mistanke om promille eller annan påverknad hjå nokon av førarane. Vegen er opna att for trafikk.