RUSKEVÊR: Biletet er frå Skulevika på Rv 7 over Hardangervidda, klokka 09.30 onsdag. Foto: Statens vegvesen

Kolonne på Haukelifjell, Vikafjellet opna att etter snøras

Onsdag ettermiddag er det kolonnekøyring over Haukelifjell. Like før klokka 14 opna vegen over Vikafjellet att.

Onsdag morgon vart det innført kolonnekøyring over E134 Haukelifjell og Rv7 Hardangervidda. På Haukelifjell er det kolonne mellom Vågslidtunnelen og Liamyrane bom.

Like før klokka 14 opna Hardangervidda att, og her vert det meldt om snø- og isdekke, -9 grader, frisk bris og opphaldsvêr.

Vikafjellet ope att

Rv13 over Vikafjellet vart stengd tysdag på grunn av eit snøras, men like før klokka 14 onsdag opna vegen att.

E16 over Filefjell er open, og her vert det meldt om snø- og isdekke, -11 grader, lett bris og lettskya opphaldsvêr.

Det same er Rv52 over Hemsedalsfjellet. Her melder Statens vegvesen om snø- og isdekke, -11 grader, lett bris og lett snø.

Les også
No er heile skianlegget ope i Myrkdalen